Ein kunne ha smilt og gjort nokon glad. Det kostar så lite. I staden seier du, då ho svarar nei, dessverre, på spørsmålet ditt om kassa er ledig; - du kunne ha sagt det då, for helvete. Du kunne ha skjønt
at den ikkje var ledig, du såg at ho sto og streva med myntapparatet, at det ikkje var nokon kunder i den kassa, at det var kø i den andre, du kunne ha skjønt det da, at det var hi kasse som var åpen, der alle andre sto, men du er
av den sorten som alltid prøver å tuske til deg fordelar, derfor måtte du prøve deg da du så at ingen sto foran den kassa, sjølv om ho sto der bak, du måtte spørre; er den ledig, og da du følte du
hadde dumma deg ut, måtte du seie; - du kunne ha sagt det då, for helvete, og no står du bak meg og mumlar skjellsord, og eg snur meg ikkje og smiler til deg.